Da var påsken over og kvardagen henta oss inn igjen. Det blei ikkje noko ski på beina og snø for våras del denne påska. Turen gjekk heller til Fitjar øyane, nærare bestemt Hatlevikjo med besteforeldre, tanter, onkler og søskenborn. Ei god gammaldags familiepåske kan ein sei. Me var 16 i talet med store og småJ Dagane blei tilbrakt for det meste utandørs med ein durabeleg dugnad påskeafta.

Før me drog av gårde måtte Liv sjekke blomane me planta for ei veke sidan. Dei fekk seg litt vatn og stellJ Karsen som ho planta gjekk det litt hardare ut over. Den fekk seg litt ekstra stell og blei frisert med saks ;)
Litle Ottis skein som ei sol i sin gule påskegensar.
”Kven har skapt alle blomane, jo Gud i himmelen………”

Rasmus plukkar blomar til farmor.
Mie med ein liten kokkelur som skal brukast som agn på snøre.
Litt frukt gjere seg i sola
Nokon fekk og tid til litt kos;)






For borna sin del toppa deg seg med ein spennande skattejakt etter påskeegg. Det var sammarbeid blandt småtrolla og alle skattekarta blei funnet. Skatten - kvar sitt påskeegg med mykje kjekt oppi.
Takk for laget, me sjåast plutseleg!!!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar