mandag 2. juli 2012

DIY – Ukes / månedsplanlegger


Eg har lenge ønska meg ein litt proff ukes / månedsplanleggar fra ukeplan.no, men lommeboka har ikkje tilllatt den type utskeielsar. Eg var på IKEA i forrige veka og då vart denne glassplata med meg heim. Etter litt jobbing med tusj og målband har eg no fått da eg har ønska meg lenge og til den nette sum av kr. 129,-. Skulle eg kjøpt den i samme storleik på ukeplan.no hadde den komt på kr. 2.725,- kr ( litt meir proff enn min kanskje J ).




Slik gjorde eg: Det geniale er at eg kan bruke den som både ukes- eller månedsplanleggar då det er kun rutene som er tegna med sprit - tusj. Det som då er viktig å hugse på er at du må ha 7 ruter anten loddrett eller vannrett. For å gjera det litt meir personleg har eg framkalla eit bilde av våre 3 små på FotoKnudsen, klipt det til og limt det med tape på baksida av tavla. Sjå på bildet så er det kanskje forklarande nok. I dette høve har eg valgt mnd.plan.


Herr Hatlevik er veldig fornøyd og regnar no med at ingen avtalar skal gå oss hus forbi framover J



post signature

søndag 1. juli 2012

Jippi!!!! …..

POMPdeLUX endeleg i Austevoll.

Frå hausten av skal eg starte som konsulent i Austevoll for det populære danske barneklesmerke, POMPdeLUX.  Klærne er meget attraktive, av god kvalitet og ikkje minst til overkommelige prisar (H&M-prisar). Har nettopp DU lyst å ha party og bur i Austevoll, kjem eg meir enn gjerne heim til deg for å ha eit ”home shopping” arrangement m/ visning av superskjønne barneklær. 

Salgsstart for kolleksjonen haust / vinter 2012 er 20. august. Klærne selges kun på nett, men du har anledning til å sjå heile kolleksjonen hos dei ulike konsulentane før du handlar.

Du kan booka party allereie frå 20.aug. og heile 10 veker framover. 

NB! Det er fleire som allereie har booka party hos meg så det vil vera smart å vera tidleg ute.

Ta kontakt med meg på: marta.hatlevik@gmail.com eller mobil 97 67 14 19.



post signature

lørdag 23. juni 2012

søndag 20. mai 2012

Solkrem til barn

No kjem sommaren ;o) Greit å finne ut kva solkremar som er trygge og gode å bruke. 

Foreldre og barn ba miljøorganissasjonen Grønn Hverdag vurdere innholdet i 16 ulike solkremar på det norske markedet, alle spesielt beregna på barn. 



 Desse 6 anbefalast utan forbehold ut frå undersøkelsen:o)


Desse resterande 10 anbefalast ikkje.  - fordi dei kan vere farlig for barnet og/eller miljøet. 




Du finn heile testen i siste utgave av Foreldre & Barn.


Kjekt om du ser innom m-d-h.blogspot.com og matbloggen til Christina og meg, gladimat.blogspot.com :o)

Fin veke til deg!

post signature

fredag 18. mai 2012

17.mai anno 2012

Takk for dagen i går alle saman. Me koste oss på Stord til tross for mykje regn. Så vått og kaldt at me ikkje fekk delta på leikar og liknande. Det hindra likevel ikkje småtassane å eta is, kva gjorde vel litt naglabet på fingrane?;-) Me var saman med familie og gode vener, det er vel det som tel mest? Pytt sann seier me til vergudane. Dagen blei ikkje mindre innhaldsrik av den grunn. 


Når me ikkje kan smile om kapp med sola får me smile om kapp med kvarandre;o)



Trompeten var kjekke....





 Mamma og beste guten....SO kaldt med is, men sjølvsagt måtte han få, det høyrer med:)



snille, gode svigers som husa oss for dagen:)





Finaste familien Valvatna


Vår kommande tante Christiene som me har blitt så glade i:)



Fine Thea og Mie med heimelaga hårbånd av tante Marta. Ta turen innom m-d-h. blogspot.com i dag og sjå babyfotografering om du vil;-). Her er linken.




På høgetoppen og ser på borgartoget på vikjo:). Liv var ikkje sleten for ho gjekk ikkje ein meter;) besten var desto meir trøtt.....






På kvelden var ein heil gjeng samla på da nya nauste. Bingo, quis, sjømat og god stemning kan vel oppsummerast der frå.



Laura og Astrid på på gulvet med rundstykker og kreps rundt seg;-) Måtte jo få vere med dei og....

post signature

onsdag 16. mai 2012

Hipp,hipp,hurra!



Her er dei nye hårklemmene eg har laga til 17. mai.  Synes dei er veldig søte og pyntar opp 17. mai antrekket til litla Liv.  Har du lyst å sjå litt fleire bilder kan du ta turen innom den nye bloggen min; m-d-h.blogspot.com.  Der legger eg ut forskjellig hårpynt til små og store prinsesser. Det du finner der er heimelaga eller handlaga heiter det kanskje?;o) Har du lyst å bestille noko er det berre å kontakte meg på mail;marta.hatlevik@gmail.com

Fin 17. mai til deg og dine. Ser det blir regn, men pytt sann det er ikkje noko å få gjort med. Me ska kosa oss likavel, ikkje sant ;o)






post signature