tirsdag 27. september 2011

Puslespel

Her i heimen liker barna veldig godt å pusle puslespel. Allereie frå 1,5 års alder kan barn mestre enkle spel som puslespel . I starten er det sjølvsagt fint med litt hjelp frå ein voksen. Det kan vere ein fin samarbeidsaktivitet saman med søsken eller ein kan sitte å kose seg aleine og føle mestring på den måten. For dei aller minste er det litt gøy at den voksne snakkar saman med barnet og fortel kva det er bilde av på puslespelbitane.

I tillegg til ein konsentrasjons aktivitet er puslespel fin trening av handmotorikk og i å kjenne igjen ulike former som passer saman.




I dag får ein tak i puslespel i alle variantar. Med ramme eller utan, med knottar eller utan, bueformede eller meir tradisjonelle former slik me kjenner dei meir "gamle" puslespela etc.

Liv er som kanskje mange andre jenter glad i Hello Kitty. Rasmus er meir begeistra for Elias, Gråtass, ”Lynet” etc. Prisen varierer, men ein kan fint få tak i gode og fine puslespel til under hundrelappen.



post signature

2 kommentarer:

  1. Hei fininga!! Det såg gøy ut med puslespel;) Håper dåke kose dåke på Austevoll. Kyss og klem frå tante i Stavanger

    SvarSlett
  2. Hei på deg tante! Me kose oss og har det fint. Kjekt med litt ulike aktiviteter etter barnehagen. Puslespel er ein slager. ellers går det mykje i fargelegging, perler etc. Ellers planlegge me 4 - årsdag:9 Blir glade for besøk når dåke har tid. Klem frå oss:)

    SvarSlett