torsdag 15. september 2011

Tips-app for barn

Kjenner du bøkene ”Karsten og Petras verden” Skrevet av Tor Åge Bringsværd?. Det er veldig fine barnebøker som handlar om bestevennene Karsten og Petra. Dette er ein av den største norske barneboksuksessen nokon sinne.

Om du ikkje har desse bøkene er det kjekt å laste dei ned på iPhon, iPad eller iPod. Søker du Karsten og Petra kjem det opp fleire bøker. Appen er enkel i bruk. Det er berre å sette på play og det skjer ein automatisk bildevisning der teksten blir lest samtidig. Det er rett og slett ei lydbok med bilder. Dette er noko både Rasmus og Liv synes er veldig kjekt. For tida kosar dei seg med boka der Karsten er ny i barnehagen og om å finne sin bestevenn der. At det blei den boka er vel kanskje ikkje så tilfeldigJ



Verdt å ta ein kikk!


post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar