Ved veldig god hjelp av mi gode og kjære bestemor sydde eg saccosekkar til Liv og Rasmus i fjor. Kan anbefalast på det sterkaste. Dei er i bruk så og sei kvar einaste dag. I dei ser borna barne –tv, kosar seg og slappar av. Dei er så lun og god.
Stoff og mønster kjøpte eg på stoff og stil. Gjekk for voksen størrelse og ikkje den aller minste som nok er tenkt til born. Dette har fungert veldig godt. Dei er sydd med ein inner og ytterpose med glidelås. På den måten er den lett å vaske. Det er nesten heilt nødvendig når det er små born som skal bruke dei. Inspirasjon fekk eg frå den fine bloggen til FruFly som har dekorert sin med bilder etc. Det får vere til neste gong:)
J
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar