.........Lesing her i huset har gått litt i rykk og napp. Det er stort sett oss foreldre det står på, for Liv og Rasmus likar kjempe godt å bli lest for. Eigentleg kan man vel aldri begynne for tidlig med fortellingar, bilder og bøker for borna? Alle som meiner å vete noko om barn sin utvikling og kreativitet legger stor vekt på det å lese bøker. Høgtlesing aukar ordforrådet, språkforståelsen og lysta til å lese sjølv. Me veit også at barn som leser mykje uttrykker seg ofte betre både skriftleg og munnleg, samtidig som dei lærer å leve seg inn i andre sine følelsar og opplevingar på ein heilt anna måte enn dei som ikkje leser. Med andre ord mange gode grunnar til å ikkje la vere å lese for dei små.
Det har blitt fleire turar til bilioteket dette året. Det er stor stas kvar gong. Kjekt å fornya bøkene både for store og små etter kvart som dei har blitt lest om og om igjen:)


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar