tirsdag 17. april 2012

DIY-Bokstavprosjekt

Småtrolla her i huset har blitt veldig interessert i bokstaver. Det starta vel med at dei hadde bokstavar på sengkleda sine. Kvar kveld har me leita etter bokstavar på dynetrekka og det er stas og finne ut kven sin det er:)


Sidan i sommar har eg samla på bokstavar til Rasmus og Liv. Dei fleste er frå Kremmerhuset og kjøpt på salg. Nokre er kjøpt på hobbybutikkar andre på nettbutikkar eller interiørbutikkar. I utgangspunktet var dei kvitmalte og litt trauste for eit fargerikt barnesinn, synes eg. Dermed var det fram med lim, stoff og maling. Småtrolla er kjempefornøyde:)




Som du kan sjå er nokre malte, andre ”piffa” opp med stoff.



NB! Me manglar U, Y Æ og Ø. Om nokon veit kvar me kan få tak i dei setter me pris på tips :)

post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar