Godt våren endeleg er her, sjølv om me vakna til snø i går. Etter å ha tilbragt fleire sol dagar utandørs med barna har me sett at det spirer og gror rundt oss. Dette har inspirert oss til å plante litt i heimen også. På fredag fekk Liv og Rasmus planta i kvar sin melkekartong og i ein liten, søt fløytekartong. Dei er sjølvsagt veldig spente på om det kjem opp noko av desse små frøa. Dei synes det er litt uforståelig at desse små frøa skal bli til ein fargerik blomst. Dei vatnar litt kvar dag og følgjer spent med om det har skjedd noko over natta;)



Dette er ein fin aktivitet å gjere saman med barna. At dei har ansvar for å holde frøa fuktig og vatne dei litt kvar dag synes dei er stas. Spennande å sjå kven sine frø som spirar fyrst.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar