onsdag 29. februar 2012

Hjartans velkomen!

Å få besøk er alltid kjekt enten det er av familie eller vener. Ber me på god mat synes eg det er kjekt å dekke eit koseleg bord og kanskje gje gjestane ein liten oppmerksomhet, som med eit lite sjokoladehjarta .

Dette er enkelt som berre det. Eg brukar Freia mørk kokesjokolade eller den lyse varianten som vist på bildet under.


Smelt sjokoladen over vannbad. Teikn så eit hjarta på eit bakepapir. Snu bakepapiret så ikkje tusj/penn smitter av på sjokoladen. Bruk så ei t- skje og dander sjokolade rundt hjarta du teikna. Til slutt strør du kakestrø over.



For at sjokoladehjarta skal stivne litt raskt kan du setje det i frysaren ei lita stund. Deretter oppbevara eg sjokoladehjarta i kjøleskapet til like før gjestane skal koma, dette for at det kan smelta om det er for varmt i rommet der du skal servere maten. Legg sjokoladehjarta på fatet, servietten eller på ein gaffel slik som eg har gjort på bildet.


Dette var berre eit lite tips som du kanskje vil ta med deg neste gang du vil vise dine vener eller familie at du er hjartans glad i dei J

post signature

2 kommentarer:

  1. Arg, eg skulle budd litt nermare;) flinke Marta;)

    SvarSlett
  2. Hei på deg Ingeborg! Synd dåke ikkje bur nærmare:( me kan finna eit hus te dåke på Austevoll;) Hadde vore kjekt:)

    SvarSlett