torsdag 1. mars 2012

Christinas energibar

Tørket frukt og nøtter er sjølve essensen i denne oppskrifta. Du kan sjølvsagt variere dei frukt og nøttetypane du sjølv ønsker. Etter å ha prøvd ut litt forskjellig har eg landa ned på at følgjande frukt og nøttetypar egnar seg godt.

Frukt: Tørka aprikos ,mango og ananas.

Nøtter: Valnøtter, mandlar, pistasjnøtter og macadamianøtter


Oppskrift:

250g peanøttsmør

250g flytande honning

100g puffa havre

200g tørka frukt

200g nøtter

100g kokosmasse

2 ts kanel

2 ss rapsolje



Start med å smelte honning og peanøttsmør forsiktig i ein kasserolle.



Medan dette smeltar grovhakkar du frukt og nøtter.





Bland så inn alle ingrediensane.




Hell massen i ei lita langpanne eller firkanta kakeform. Sett forma i frysaren til fruktmassen er frossen.



Ta fruktmassen ut av forma og skjær barane i små rektanglar.


Håpar dette gjev deg ny energiJ

post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar