............har eg gjort i mange år og det blir berre kjekkare og kjekkare. Er ikkje alltid eg har lika god tid, men når eg får ”ånden” over meg er det berre til å ta seg tid. Av og til er det lett som berre det og eit bilde kan bli ferdig på nokre timar, andre gongar går det trått og kan ta fleire veker.
I utdrikkingslaget mitt fekk eg i gåve eit ”lynkurs i måling” på Urdihuset hos mine fine venar. Inspirasjonen har ikkje blitt mindre sidan då for å sei det sånn. Fine Janne Gullaksen (Urdihuset) sin blogg kan du besøke her og få litt tips og inspirasjon om du ønskjer å starte å måle. Bildet under blei måla på utdrikkingslaget mitt.

Under ser du mitt siste bilde som blei gitt vekk i vennegåve. Den strikka puta er også eit D.I.Y prosjekt. Gje ein lyd om du er interessert i oppskrifta.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar