I desse tider er det stort sett ull barna går med i barnehagen. Har ein del ullklede i naturfarge liggjande, men dessverre er det ein del flekkar og lignande på dei. Ikkje så kjekt å ta det i bruk sjølv om det er reint når det ser skittent ut. Fant derfor ut at eg skulle prøva å farga ullkleda under med Wilton konditorfarge.
Det du trenger er:
Ein stor kjele
Noko å røre med
Eit termometer (eg brukte ikkje dette, sørga berre for at det ikkje kokte)
Vatn 90°C
Eddik 7%
Wilton konditorfarge (kjøpes f. eks på Jernia)

Slik går du fram:
1. Reine kler er forutsetning for godt resultat.
2. Ha vatn i kjelen og varm opp til 90°C. På 3 L vatn trenger du 3 korkar eddik.
3. Forbered fargen slik: To koppar med varmt vatn helles i ein liten bolle. Bland til fargen er løyst opp. Miks vatn og farge til du har oppnådd ønska fargestyrke.
4. Fargen setter seg best om ulltøyet er vått før du legg det i kjelen.
5. Ha ulltøyet du ønskjer å farge under vatn slik at det blir vått (Da trekker fargen mykje bedre).
6. Legg så i kjelen og sørg for at alt blir dekka.
7. Rør forsiktig (for å unngå krymping) av og til og la det stå i ein time.
8. Etter ein time skrur du av plata og lar det avkjøle.
9. Slå ut vatnet, skyl kleda i kaldt vatn og vask på vanlig ullprogram.

Kjempe lurt, Marta!
SvarSlettKoselig blogg du har. Kjekt å følge med dere :-)
Nydelige barn du har!
Klem fra Renate.