onsdag 14. september 2011

Sortere fargar

Ikkje alltid like enkelt å vite i farta kva ein skal finne på med småtassane for å aktivisera dei. Kan vere lurt å ha eit lite reportoar å ta av når støynivået i huset held på å stiga i taketJ Me har ein fast plass der ungane veit kvar dei kan gå å finna ulike aktivitetsmateriell dei kan kosa seg med.


Her er ein favoritt som er veldig enkel og billig, men samtidig kjempe kjekk. Det er rett og slett å sortera fargar. Då brukar me noko som liknar perler (kjøpt på toys”r”us”) med mange fargar. Med litt att og fram fant me ut at eggeglas eller eit muffinsbrett egna seg bra til å sortere oppi. Muffinsbrettet som er av gummi egna seg kanskje aller best sidan det ikkje sklir på glatt underlag.



KONSENTRASJON


Håpar dette kunne vere eit tips til andre når ein føler det er litt høg temperatur og regnet ausar ned ute:)

post signature

1 kommentar:

  1. Ikkje dumt... Må komma med fleire sånne tips :o)
    Tinna

    SvarSlett