onsdag 28. september 2011

Koffert klokke

Å lage ting sjølv og føle seg litt kreativ i blant synes eg er kjekt. Ekstra kjekt er det å gje vekk heimelaga gåver i presang. Å mota heimelaga gåver er ikkje mindre artig. Ein veit det ligger ein del arbeid bak. Ekstra kjekt er det at me alle har så forskjelleg smak, dermed gøy å mota litt gåver utanom det vanlege. Kanskje nokon får denne klokka i gåve?


Det er fantastisk mange fine og kreative bloggar der ute, som ”Briggs lekehus”. Dette er ein blogg eg fant litt for seint. Eg hadde knapt vore innom denne bloggen ein liten månad då eg plutseleg såg at bloggaren takka for seg etter x- ant. år. "Brigg" har mange crazye og fantastiske idear, synes eg. Etter inspirasjon frå denne bloggen har eg laga ”koffert klokke” Eg ville og ha den raud slik som Brigg, men den raude kofferten ville litla Liv ha så då blei det ein blå.


Etter det eg hugsar var det ikkje noko mal på korleis dette skulle gjerast. Urverket er kjøpt på Clas Ohlson og resten er lett som berre det. Mål opp inni kofferten og lag eit lite hol til urverket. Eg brukte det minste urverket, trur eg. Får du tak i ein koffert på "Søstrene Grene" slik eg gjorde blir ikkje dette noko dyr affære.



I morgon og i helga blir det sommartemperaturer folkens, det har dei lova dei som har greie på slikt:)

post signature

1 kommentar: