fredag 12. februar 2010

Sjokoladefondante

Nydeleg sjokoladefondante....


Eg har ei veldig god oppskrift på sjokoladefondante som eg har fått hos min kjære veninne Ann Helen. Den er knakande god og berre til å anbefale. Som du ser på bildet passer den veldig godt til is. Både vaniljeis og sorbeis er godt til. Legg du litt kjærleik i det heile kan det jo vere ein liten overaskelse dessert til din kjære på valentinesdagen:)

Veldig enkel og grei oppskrift:

125 gr smør

125 gr sukker

150 gr mørk kokesjokolade

85 gr. mjøl

4 egg.


Fremgangsmåte:

Smelt smøret og ha i sukker og sjokolade som du knekker i mindre biter. La alt smelte saman og pass på at sukkeret har løyst seg opp. Rør inn mjølet, og bland inn ett og ett egg.

Fyll muffinsformer ca. halvfulle med sjokolademassen. Du kan godt smørre formene litt. Vil du ha små og nette fondanter rekker denne opskrifta fint til 12 stk. Sett formene på ei steikeplate og steik midt i ovnen ved 200 °C i ca. 8 min, til overflata er stivna og du ser at dei har heva seg.. Ta fondanten ut av forma med to skjeier. NB! Ønsker du store fondanter rekker dette til 6-8 stk.

Serveres lunkne med vaniljeis/sorbeis og frisk frukt.

Velbekomme!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar