9 dl-1 l lunka vatn
50 gram fersk gjær evt. tørr gjær
3 ts salt
1 ts sukker
8 ss olivenolje
ca. 1,4 kg kveitemjøl
Bland alle ingrediensane i bakebollen, og kjør ved lav hastighet til deigen er godt blanda. Auk hastigheita til middels til du har ein smidig og god deig. Ca. 10 minuttar alt i alt.
Hevast ein time, til dobbel størrelse. Ha mjøl på bakebordet og kjevle ut deigen til passe tjukkelse. Stikk ut små foccacia i ønska størrelse med det ein har for handa, ein kopp, lita skål eller liknande. Legg minifoccaciaene på steikeplate med bakepapir for etterheving i ca. 45 min. Ringle over ei god olivenolje og strø litt maldonsalt over. Steikes ved 225 grader i ca. 12 minuttar. Kjem litt ann på størrelsen du har valgt.
Eg fekk ca. 24 minifoccacia av denne oppskrifta. Om dette blir litt mange halverer du berre oppskrifta. Ikkje lag dei for store for da blir dei fort uhamselege, hugs at dei blir store og flotte ved etterhevinga. Desse foccaciane kan godt brukast som hamburgerbrød eller med anna fyll inni. Mosarella, tomat, salat, skinke og liknande.
Eg har ikkje kamera for tida, derfor ingen utførlige bilder av korleis eg gjekk fram. Håpar det er godt nok forklart likevel. Tok eit “finish” bilde med mobilen, det du ser øverst. Lykke til!
Hei
SvarSlettTakk for oppskrifto. No kan me bere begynna. Eg og tyrkiagjestane mine likte de veldig godt, so me får sjå om meklara å få de lika flotte og goe som dine.
Snakkast på mandag
Hallo
SvarSlettDei blei kjempegode. Var litt vanskeli i begynnelsen, men klarte da til slutt :-)
Får prøva denne paien du skyte so øve, trur ikkje tyrkarana har smakt da.
Håpa dåke kosa dåke på ferie. Helsa masse til alle