lørdag 11. juni 2011

Byggmester bob

I helgene må me ha nåke kjekt å gjere på. Ungar kan gå litt lei dei vanlege leikane sine, då er de berre til å bruke fantasien å finne på noko nytt. Sist me var på Stord fekk Rasmus snekker utstyr. Kjøpt på vanleg leikebutikk. Trur prisen var 149 kr. for hammar, skrujern, måleband, blyant og belteveske til å ha det heile i. Viktig med ein treklosse som ligg stødig når man hamrar. Me må samtidig passe på at Liv held seg litt på sidelinja for å ikkje få hammaren i seg, for det er ikkje måte på kor Rasmus tar i:) Veldig kjekke aktivitet. Som vist på bildet er det blanda meiningar om nett da. Liv får vondt i ”ørena” sine:)




Ha ein fine laurdag i solskinet:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar