Å få hjelp av og til er veldig kjekt. I forrige veke var Klara på besøk hos oss. Ho er rastlaus og må få ut energi. ”E da nåke eg kan rydda”? spurde ho ein dag. Detta var som musikk i mine øyre og ikkje før ho hadde sagt det så var me i gang. Rom etter rom vart teken etter tur og vips vart det laga system og orden både her og der. Eg visste ikkje at eg hadde såååå lite system.
Christina kom innom med med tre barn, detta forstyrra litt den ryddemanien Klara og eg var inne i, men ho likar å skru så da såg eg mitt snitt til å utnytta henne litt. Med 6 smårollingar rundt seg, skruar her og der blei IKEA kjøkkenet til Rasmus og Liv endeleg skrudd saman .
Kadir kan brukast til da mesta. Denne dagen var han eletrikar og har no fått lys i to av lampane våre som har vore utan lys i over eit halvt år.

Henriette blei sett til å demontera sprinkle senga til Rasmus. Han har fått ”stor” seng på rommet sitt og er veldig fornøyd. Han vil at alle mulige skal komma å overnatta hos han.
Barna koste seg på lekerommet og alle var stort sett vener.
Før alle drog heim til sitt var det havregrynsgraut til kvelds. Etterpå var det berre til å stupa i seng.
Mons Ivar måtte sitja aleine, var ikkje plass til han stakkar, men han koste seg likevel:)
Takk for hjelpen alle dåke snillisa:)
Ha ein fin og forblåst tirsdag ♥
Hærlig dugnadsgjeng;)
SvarSlett