tirsdag 9. november 2010

Tips til heimelaga julegåve

Har du begynt å tenke på julegåver? Det har eg, for det er ikkje reint få som skal handlast inn før jula setter til. Eg elsker å kjøpe gåver, ekstra kjekt er de å gje noko ein har ein tanke bak, ikkje berre handle det fyrste og beste ein kjem over på impuls. I år blir det også nokon heimelagde gåver, håpar alle blir glade?! Her kjem eit lite julegåvetips frå meg som kan glede både store og små til jul: Ein god gammaldags sakkosekk. Lagar du dei sjølv får du dei akkurat slik du vil ha dei. Rimeleg stoff og mønster kan du kjøpe på ”stoff og stil”. Lykke til.



Fine fargar ein blir glad av.
Pyntar ein med puter og slikt blir det plutseleg eit fint møbel å ha i stova:-)




Skal sekkane vere til barn er det lurt med litt mørke fargar som
ikkje er så skittsomt (det erfarte me fort her i huset).
Husk å sy i glidelås slik at det er muleg å vaske stoffet.




Føler meg heldig som har verdas snillaste bestemor.
Ho hjelper meg med å strikke klede til barna og syr gjerne om eg spør.
Takk for hjelpa:)


........og verdas beste foreldre føler eg at eg har.
Desse to trør verkeleg til der det trengs og er brukanes til alt.
Her prøver dei å få isoporet ned i sekkane.
Det måtte ein god teknikk til for å få det til.
Thank you:)


........sist, men ikkje minst glade og fornøgde barn.
Desse sekkane blir brukt nesten kvar dag.
Ekstra god å krype ned i når barnetv byrjar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar