lørdag 30. oktober 2010
Enkel, mens stor forandring
Rasmus har fått ”STOR” seng som han kallar det. Han har lagt i sprinkelseng frå IKEA inntil nyleg. Det geniale med denne senga er at den kan gjerast om til ”vanlig” seng ved å fjerne eine veggen sette på ein avstivar og sengehest. Dette er gjort på, ein, to, tre, også for dei som ikkje er noko handy:) Her i huset kan hverken herr eller fru Hatlevik skryta på seg akkurat det. Rasmus er ihvertfall veldig fornøyd og trur han har fått ”NY” seng. På dagtid gjere me senga om til benk som vist på bildet. Innmaten til putene samt stoffet er kjøpt på stoff og stil. At mamma var på besøk den dagen eg skulle sy var jo veldig kjekt, for ho fekk det unna i ein fei. Rester av stoffet laga me ei vimpelrekkje av. Den stripete puta er kjøpt på IKEA til 5 kr. Sidan eg kjøpte to stk. spretta eg den eine opp og tok den med i vimpelrekkja. Billig og fint:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar