Tenkte å koma med eit lite tips til deg som synes det er styr å dra fram strykejernet for kvar gong du skal merke kleda til barna.
Er du ein av dei som har barnehagebarn har du nok for lengst skjønt kor lurt det er at kleda til barna er merka?
Eg er då ein av dei som synes det det er litt styr å dra fram strykejernet og strykebordet for kvar gong, men no er det heldigvis slutt på det:-)
Har du ei ”glatte/rette tang” er dette ein enkel prosess.
Til samanlikning med strykejernet kjem ein mykje bedre til med ei rettetang.
Slik gjer du for strykbare navnelappar:
Sett rettetanga på 160 grader (skal kun festast på tekstilar som tåler stryking).
Plasser navnelappen på ønska plass,
bruk eit lite stykke bakepapir mellom rettetanga og navnelappen.
Press forsiktig medan du held tanga roleg i 5-10 sek.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar