I helga har me vore på Stord og kost oss. Der var det igjen duka for Stordfest. Tre år sidan sist så dette hadde me gleda oss til. Mykje folk, flott ver og deilig temperatur gjorde det heile til ein stor suksess vil me tru? Det var mange aktivitetar for dei minste pådagtid og konsertar på kveldstid. Blant anna Likte Rasmus og Liv karusellen på tivoliet. Litt skummelt var det så mamma måtte sitte på også. Stas å sjå helikopter på nært hold, då var det best å helda seg for øyrene.
Detta var stas. Blei grining når karusellturen var over for då ville dei sjølvsagt vere med ein gong til.

sjå der, mamma!!!


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar