søndag 25. oktober 2009

...og så var bruden ferdig med sitt utdrikkingslag

Datoen for dagen var kjent for bruda, men innhold og kva som venta henne var heller ukjent. Eg synes eg var SUPER heldig med dagen og stooooooorkoste meg. Bruda blei henta heime i Folldalsheia i eitt tida der ho blei overraska med roser, flagg, fløyter og masse kjente og kjekke ansikt. Turen bar så til ”Urdi” huset der bruda skulle få prøve sine kunstneriske gaver med gode råd og veiledning av kunstner Unni Gullaksen. Dette var utruleg kjekt synes eg, spesielt sidan eg har måla ein del, men aldri fått noko profesjonell hjelp. Fekk masse gode tips om teknikker og fargeblanding. Resultatet blei eit abstrakt bilde på 1mx1m som bruda fekk med seg heim som eit minne frå dagen. Kokker ankom så huset. Plutseleg var det trylla fram deilige tapas retter og lunsjen blei eit heller koseleg måltid med god stemning og avslappa atmosfære. Tusen takk jenter, dette var noko av det beste eg kunne tenkt meg. Turen gjekk så til Fame fotografane og alle tok fram sitt finaste smil når dei skulle forevigast. Bruda får med seg eit bilde som enda eit ekstra minne frå dagen. Resten av kvelden tilbrakte me i leiligheten til Ann Elisabeth`s svigerforeldre på Verftet. Der tok husmødrene fram alle sine kokkekunstner. Kjevle, slikkepotter, kniver og steikepanner var i sving og vips stod pizzaen på bordet etterfulgt av deilig sjokolade fondante, fruktsalat og is. Kven likar ikkje presanger? Da gjer i hvertfall eg og presangene var mange. Kvar og ein hadde brukt fantasien og eg var imponert over kreativiteten. God og avslappande stemning, koseleg atmosfære, kreativitet, vennskap og kjekke follk synes eg oppsummera dagen godt. Takk for at dåke gjorde denne dagen så kjekk for meg☺





">


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar