Då var utdrikkingslaget for brudgommen i havn sjølv om det fortsatt er nesten 2 månader igjen til bryllupet. Godt med alt som er gjort! Arrangør Rolf Andrè hadde planlagt eit variert og kjekt program for dagen, og hadde fått samla gode venner og familie ( bror og svograr).
Dagen begynte allerede kl. 10.30 då Rolf Andrè, Kenneth A og Vidar ringte på døra i Folldalsheia. Sekken blei pakka i full fart, før turen fortsatte til Loddefjord kor resten av gjengen, Eivind, Kenneth H, Hans Inge, Per, Odd Peter, Morten, Steven og Remi var klar for ei økt med curling. Dei fleste av oss hadde kun sett curling på TV før, men nivået blei etterkvart ganske så bra.. Til info så bestod vinnarlaget av Morten, Eivind og brudgommen, til Kenneth H sin store frustrasjon.. Etter curlingen gjekk turen vidare til Peppes, for pizza og øl..
Pizzaen smakte nydelig og me var klar for neste økt på programmet, Paint Ball i Siljustølsskogen ( nesten i nabolaget til brudeparet). Der blei gjengen supplert med Georg. Ein må vel seia at gruppa var over gjennomsnittet ivrige der ein sprang rundt og kriga i skogen.. Forlovaren hadde dagens blinkskudd då han traff Morten i skallen og sørga for ein kledelig gul malingsfarge i håret.. Økta slutta med at alle reglar om vetig våpenbruk blei lagt til side og gjengen fyrte av resten av magasinet i retning brudgommen som kun fekk nokre sekunds forsprang...
Til slutt gjekk me den korte turen bort til Rolf Andrè kor alle fekk seg ein dusj. Etterpå diska forlovaren opp med eit utsøkt måltid ( godt hjulpen av Bente ) før festen tok av.. .
Brudgommen hadde ein strålande kjekk dag og da trur eg resten hadde og. Godt jobba Rolf Andrè!
Bilder fra utdrikkingslaget kjem seinare dersom dei passerar sensuren..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar